mandag 11. mai 2009

Maske

I nokre veker har vi i 9. klasse ved Skjåk u-skule laga masker. Heile klassa har jobba iherdig med desse. Her får dykk litt informasjon om korleis dykk kan lage masker sjølve.


Dette treng dykk for å lage gipsmaske:
-Gipsrullar 2 stk.

-Litt plastfolie

-En balje med lunkent vann

-En venn til å legge på deg masken

-Og ikkje minst ein porsjon tålmodigheit


Legg på eit lag med plastfolie, men pass på å lage pustehull til den du legg maska på. Klypp gipsrullane slik at du får tre remser på ca 40 cm, og resten i 20-10 cm. Dypp remsene forsiktig i det lunkne vatnet, og legg dei lengste rundt fjeste slik at dei dannar ein tjukkare kant rundt maska. legg deretter lag for lag med gips og glatt utover slik at ein ikkje ser gassbindet. La dette tørke på ansiktet i 10-15 min. til det er heilt tørt.


Ta deretter maska forsiktig av, hold den over ei søppelbøtte og dra forsiktig av plastfolien. Ved ønske kan du klyppe av litt av kantene for å få beine og fine kantar.


Deretter er det berre å bruke fantasien til å måle etter allekunstens regler:)

Huks: Berre fantasien setter grenser: )



Her er nokre bilete av maska mi.




Her er maska etter at eg har måla ho med 2 lag sølv-maling og starta med dei svarte strekane. Desse er gjort på frihand.



Under er det to bilete av maska når ho er ferdig.







1 kommentar:

  1. det nederste bildet var supertøfft! Elles ein god blogg

    SvarSlett